Vossa Jazz 2017, Solaris

Arrangementsinformasjon
Default file 1484665789

Året er 2480, og jorda er ikkje leveleg stort lenger. Kan dei tomme oljebrønnane vera eit håp, kanskje ei redning? Sjur Miljeteig har laga eit scifi-inspirert lydunivers basert på synth-nostalgi, abstrakte lydkollasjar og improvisert trompet. Sjølvaste Ane Dahl Torp framfører teksten.

Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris korrigert vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene i 2015/2016 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig». I denne konsertversjonen, skreddarsydd for Vossa Jazz, vil Miljeteigs musikk og sjølve teksten få ein enno større plass.

Les meir om programmet her.

voss
vossajazz
jazz
festival
jazzfestival
musikk
solaris

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om endring.